”Sannhetens Øyeblikk”                                              Vårt Land 3. mai 2010

 

”KAIROS”- dokumentet, naudropet frå dei kristne kyrkjene i Det heilage Landet, byrjar å bli kjent også vi vårt land. ”Sannhetens øyeblikk” heiter det i norsk omsetjing.

            Somme les dokumentet ikkje berre som ein kritikk av den israelske statsmakta med sin eksklusive form for sionisme, men som angrep på det jødiske folket, og hevdar at det ”kan trigge antisemittisme hos ubefestede sjeler” (sjå m.a. innlegg i VL 19/4). Fleire har dessutan gjeve uttrykk for at det er eit slag i lause lufta.

Denne reaksjonen ser vi som ei avsporing. Dokumentet har ei klar teologisk forankring. Det  er ikkje eit tilfeldig slag i lufta av ei frittståande pressgruppe, men eit samla rop frå alle dei historiske kyrkjene. Alle dei katolske og ortodokse kyrkjene er med, og dessutan den anglikanske og den lutherske. Aldri før har eit opprop frå palestinske kristne fått ein slik oppslutnad av kyrkjer og kyrkjelege leiarar i området. No gjeld det faktisk om dei skal ha ei framtid i det landet som var den kristne kyrkja si vogge.

            Vi vil peike på fylgjande:

            1. Dokumentet viser til dei destruktive verknadane av den israelske okkupasjonen: muren, som inneber konfiskering av land og i røynda eit kollektivt fengsel for det palestinske folket; dei israelske busettingane som inneber plyndring i Guds namn; audmjuking ved dei militære kontrollpostane; at palestinske familiar blir skilt frå kvarandre ved inhuman praktisering av identitetskort;  at flyktningane sin situasjon ikkje blir erkjent; at tusenvis sit i fengsel utan rettsprøving og at den arabisk-palestinske befolkninga – og dermed også dei kristne - blir pressa ut av Jerusalem.

            2. Kairos er eit grundig teologisk gjennomarbeida dokument. Det er ført i pennen av innsiktsfulle teologar og kyrkjelege leiarar. Det byggjer på klare bibelske sanningar om kjærleik, rettferd, forsoning og fred. Dei kristne i Det Heilage Land har aldri støtta militær valdsbruk, korkje i den første kristne tida – eller i dag. Dokumentet tek avstand frå eikvar form for valdsbruk for å løysa konflikten, men gå vegen om dialog og sivil ulydnad.

            3. Dokumentet tek klart avstand få antisemittismen. Føresetnaden i dokumentet er at det jødiske folket har rett til ein bustad (Homeland), og at ein anerkjenner våpenkvilegrensene frå 1949. Begge folka har rett til sjølvstende, tryggleik, fridom og fred. Det er ikkje det jødiske folket sine elementære rettar ein kritiserer, men at denne staten hevdar sine rettar i strid med internasjonal rett og dei elementære prinsippa i Menneskerettserklæringa.

            4. Det har vekt oppsikt at ein oppmodar til å ta i bruk verkemidlar som gir innhald til verbale utsegner og avtalar, så som ”divestment” og boikott. Dokumentet presiserer at slike verkemidlar kan vera legitime andsynes investeringar som støttar bygging av ”Muren/sikkerhetsgjerdet” og næringsverksemda til den ulovlege busettinga (Caterpillar-firmaet er eitt av dei). Ein ynskjer det jødiske folket alt godt som tener til gjensidig respekt, rettferd og fred. Men ein ynskjer konkrete tiltak mot dei kreftene som held oppe okkupasjonen og undertrykkinga av sine søsken.

 

Det er mange som lyttar til dette naudropet verda over, både innan den kristne kyrkja og i politiske samanhengar. Me har merka oss at eit samla bispekollegium støttar oppropet, sjølv om dei reserverer seg mot konkrete tiltak. Det avgjerande for oss alle er at me tek deira rop på alvor og ser etter vegar og verkemidlar til å snu situasjonen før det er for seint.

 

Kjartan Ruset og Jens Olav Mæland

Medlemmer av ”Sabeel”

(ein organisasjon/nettverk som arbeider for rettferd,

forsoning og fred i den israelsk-palestinske konflikten)